Hopp til innhold
X
Innhald

Saltkoking på Breisnes

Salt har til alle tider vore den viktigaste måten å konservere kjøt og fisk på.

På 1400-talet tok norske kjøpmenn til å importere salt frå m.a. Spania og Portugal, men det meste av saltet vart likevel vunne ut av sjøvatn som vart dampa inn i store kjelar. For at sjøvatnet skulle ha størst mogeleg saltinnhald, vart det teke opp frå djupt vatn.

- Les også under Flora kommune om det store saltkokeriet som haugianarane bygde på Svanøy tidleg på 1800-talet.

I 1697 vert det nemnt at Lars Olsen Brekke (1654–1733) frå Aurland dreiv saltkoking. Lars dreiv også med litt handel, og hadde også part i eit sagbruk. I 1698 selde han ein part av saltkjelen sin til Peder Hansen Underdal i Undredal, og det vart rigga opp ein saltkjele på garden Breisnes ved Aurlandsfjorden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.06.2008