Hopp til innhold
X
Innhald

Samfunnsentreprenøren Hans Johannes Brun

På Vangen vart Hans Johannes Brun ein «samfunnsentreprenør» av dei sjeldne, og sette like djupe spor etter seg i Aurland som faren Herman Brun gjorde på Hermansverk og på Hanehaug i Leikanger.

På Vangen bygde han om og utvida det gamle «Juell-huset» slik at det også romma eit hotell, og bygde straks etter eit hus som seinare vart kalla «Engelskbygningen» fordi han tok imot engelske reinsjegrar og laksefiskarar der. Brun var sjølv ein ivrig sportsfiskar, og ordna leigekontrakter for dei utanlandske fiskarane i Aurlandselvi.

Politikk og kyrkjekjøp

I 1854 kom Brun med i Aurland kommunestyre, og fekk vedteke at det skulle byggjast ny veg gjennom bygda. I 1861 kjøpte han Telegraflina Oslo-Bergen og starta restaurering. M.a. reiv han eit gamalt galleri og brukte bygningsdelar av dette til ei ny handelsbu - som no er den eldste delen i Brødrene Wangen si forretning på Vangen.

Stor byggeaktivitet

I 1874 bygde Brun dampskipskai og sjøbuer, og var ekspeditør for Fylkesbaatane. Han var i tillegg poststyrar, hadde bakeri på Vangen, dreiv mølle i Skjerdal, og hadde fargeri og garveri i Skinarviki.

Den store byggeaktiviteten gjorde at han hadde fast eit par snekkarar i arbeid, forutan både handelsbetjentar, tenestejenter og ein huslærar. Brun var elles påpasseleg ute og kjøpte opp ei mengd gardar etter folk som drog til Amerika. Truleg rådde han etter kvart over bortimot 30 bruk.

Offentlege oppdrag

Hans Johannes Brun tente elles som kasserar for skule- og fattigstell i kommunen, og var styrar for folkebiblioteket. Då Telegrafverket bygde den første telegraflina Oslo-Bergen i 1858, var Brun lokal kontaktmann for arbeidet i Aurland - sjå: Telegraflina Oslo-Bergen.

Aurlandsvangen i 1913 med Onstad nærast.

Aurlandsvangen i 1913 med Onstad nærast.

Brun-epoken tek slutt

Etter at Hans Johannes Brun brått døydde i 1886, måtte enkja Anne Marie (1833-1910) ta over og styre dei mangslungne eigedomane saman med ni born. Ho gjekk på folkemunne i Aurland som «madam Brun».

Etter ei tid overtok svigersonen Peter Johan Fretheim alle Brun-eigedomane både i Aurland og Hermansverk , men i 1897 vart buet slege konkurs og delt opp ved tvangsauksjon.

I Aurland vart dei viktigaste eigedomane bytte slik: Vangen kyrkje vart kjøpt av Aurland kommune. Torstein Wangen kjøpte handelsbua, kaia, sjøbuene og fargeriet. Dette utvikla seg seinare til det kjende firmaet Brødrene Wangen. Ellend Wangen kjøpte hotellet, bakeri og garveri, og overtok post og telegraf. Hotellet vart seinare Wangen Hotell.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.10.2011