Hopp til innhold
X
Innhald

Sander Sekkingstad Terum

Sander Sekkingstad Terum. Foto: Sander Heggheim, NRK.

Sander Sekkingstad Terum. Foto: Sander Heggheim, NRK.

Sander Sekkingstad Terum fødd 1993 i Aurland. Friidrettsutøvar. Frå han var 15 år var han i landstoppen i løpsøvingar og vann m.a. ungdomsmeisterskapen i terrengløp.

I 2011 to han bronsemedalje på 3000 meter hinder under senior-NM på Byrkjelo. Same året tok han gull i ungdoms-NM på 2000 meter hinder.

I 2012 tok han gull på 800 meter og bronse på 1500 meter under ungdoms-NM innandørs, og han vart nordisk juniormeister på 3000 meter hinder.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016