Hopp til innhold
X
Innhald

Schultz Hotell

I 1827 overtok Jakob Rosenwing Ringkjøb frå Bergen feste på gjestgiveriet og handelen i Gudvangen, og han sette opp eit påbygg i to etasjar med matsal og salong i første etasje.
No tok staden til å likne på eit hotell. Då Jakob Ringkjøp døydde i 1833, tok enkja Oline over drifta av både handel og ”hotell”. Då vegen ned Stalheimskleiva var bygd ferdig som køyreveg på 1840-talet, førde det til eit sterkt oppsving både for reiseliv og handel i Gudvangen. I 1841 gifte madam Ringkjøb seg med Jens Fynboe Wilman frå Trøndelag, og dei neste åra utvida han eigedomen med eit stort, nytt hotell på øvre sida av vegen og ei sjøbu i fjøra. I 1849 døydde Jens Fynboe Wilman. Sonen Christian Bjørn Wilman tok over drifta i 1856 og dreiv i 10 år. Deretter var det fleire eigarskifte før handelsmann Jon Larsen frå Aurland kjøpte i 1869. Larsen gav drifta av hotellet i Gudvangen over til svigersonen Johan Daniel Schultz. Han kalla hotellet ”Schultz Hotell” og dreiv det til 1879.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2009