Hopp til innhold
X
Innhald

Seint ute med gardsveg

Holo som ligg 470 m.o.h. fekk veg til gards i 1983. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Holo som ligg 470 m.o.h. fekk veg til gards i 1983. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein av dei siste gardane i Sogn som fekk veg til gards, var høgdegarden Holo i Flåmsdalen. Tunet fekk bilveg i 1983. Vegen avløyste ein enkel kjerreveg ned til Dalsbotn.

Også Ryo i Flåmsdalen var seint ute. Arbeidet med bilveg dit starta i 1951. Vegen vart opna til Indrelid i 1965, og først i 1969 kunne dei halde vegfest på Ryo. Før den tid hadde dei nytta taubane for å få varer til gards.

Ein annan høgdegard i Flåmsdalen, Geisme, fekk ikkje køyreveg til gards, men måtte frå 1961 og til garden vart fråflytta i 1981, greie seg med taubane. Ein traktor måtte i 1980 fraktast til gards med helikopter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.05.2011