Hopp til innhold
X
Innhald

Sildefiske i Flåm

Fangst av fjordsild gav både mat og inntekter i gamle dagar. Ved Fretheims-garden i Flåm vert det hevda at det har vore ein lokal sildestamme.

Kring 1720 vert det fortalt at gardbrukaren Thorstein Lasseson Fretheim hadde stort notbruk som han også fiska med andre stader i Sognefjorden, og at silda hans var ettertrakta vare på Lærdalsmarknaden.

I 1924 skipa gardbrukarane i Flåm eige notlag. I Undredal var det i mellomkrigstida to notlag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2011