Hopp til innhold
X
Innhald

Sjøormen i Nærøyfjorden

Nærøyfjorden på postkort frå før 1900.

Nærøyfjorden på postkort frå før 1900.

Etter segna skal det ein gong i tida halde til ein ovstor sjøorm kring Bakka i Nærøyfjorden.
Beistet var så digert at det tøygde seg langt opp etter liene for å fange hestar og bufe som det glefste i seg. Folk torde knapt å gå ut forikkje å verte ormemat. Ein gong då presten stod på stolen i kyrkja og bad om at ein vart fri utysket, kom det to havhestar med fiskehale fossande inn fjorden. Dei kjempa så blodet flaut med sjøormen. Så snudde dei og for ut fjorden att. Etter denne kampen var ein kvitt sjøormplaga kring Bakka.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2018