Hopp til innhold
X
Innhald

Sjur Didrik Beck Flåm

Sjur Didrik Beck Flåm fødd 1946 i Flåm, busett i Bergen. Matematikkprofessor. Arbeidde som lærar ved skulen i Aurland før han tok universitetsutdanning i USA og tok doktorgraden i matematikk ved University of Delaware i 1984.

Frå 1986 har han vore professor i matematikk ved Institutt for økonomi ved Universitetet i Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.02.2010