Hopp til innhold
X
Innhald

Skjerdal & Co.

Skjerdal & Co. landhandel vart starta i 1902 av Ola T. Skjerdal og Torgeir Skjerdal. I 1950 overtok Per Skjerdal og Torgeir Skjerdal landhandelen og dreiv den saman til 1974. Då overtok Per Skjerdal.

I 1985 kjøpte Olav Person Skjerdal 50% av aksjane. I 1996 overtok Olav P. Skjerdal drifta av Skjerdal & Co. Han var eineeigar til 2010, då Per Skjerdal overtok.

Skjerdal & Co. har vore ein del av Spar-kjeda sidan 1997, og profilerer seg under namnet Spar Aurland.

I 1974 vart noverande forretningsbygg teke i bruk. Det vart utvida i 1997.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011