Hopp til innhold
X
Innhald

Skular i Aurland

Sogn jord- og hagebruksskule ligg like ved Aurlandsvangen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Sogn jord- og hagebruksskule ligg like ved Aurlandsvangen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Jord- og hagebruksskulen i Aurland var den andre jordbruksskulen i fylket då den vart skipa på Prestegarden i 1917. Men alt på 1880-talet vart det drive ein privat ungdomsskule i Prestegarden. Sidan har jordbruksskulen vorte kjend for undervisning i økologisk landbruk. Vanskelege kommunikasjonar gjorde at Aurland var sjølvforsynt med både realskule og gymnas under 2. verdskrig.

Skulehuset frå 1878 (til h.) er framleis i bruk, no som familiehusvære. Skulehuset frå 1933 (til venstre) er i bruk som barnehage.

Skulehuset frå 1878 (til h.) er framleis i bruk, no som familiehusvære. Skulehuset frå 1933 (til venstre) er i bruk som barnehage.

Første skulehusa i Aurland

Første skulehuset vart bygd på Vangen i 1848. Det var i bruk til 1878 då det vart reist nytt skulehus i Skinnarviki like nord for sentrum. Skulehuset frå 1878 vart nytta heilt fram til ny barneskule vart bygd like ved i 1933. Dette huset er framleis i bruk som barnehage. Vangen skule vart tredelt frå 1890.

Dei fleste mindre krinsane fekk eigne skulehus innan hundreåret var omme:

Flåm

fekk skulehus i 1863 og nytt skulehus i 1914.

Flåm skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Flåm skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vassbygdi

fekk skulehus i 1866.

Undredal

fekk skulehus i 1871.

Dalen krins

fekk skulehus i 1874.

Berekvam

i Flåmsdalen fekk skulehus i 1899.

Dyrdal

fekk skulehus i 1899.

Bakka

fekk skulehus i 1908.

Gamleskulen i Vassbygdi vart bygd i 1866.

Gamleskulen i Vassbygdi vart bygd i 1866.

Eilert Patric Juul dreiv privatskule.

Eilert Patric Juul dreiv privatskule.

Ungdomsskulen i Prestegarden

Sokneprest Eilert Patric Juul dreiv ein vinter 1885-1886 ein privatskule for ungdom i prestegarden, med 27 elevar frå Aurland og Stryn, der han kom frå som prest, og der han også hadde drive skule for unge gutar. Desse ”Juul-skulane” var forløpar til dei kristlege ungdomsskulane. Den kjende skulemannen Torbjørn Horten frå Aurland hadde fått inspirasjon frå Juul sin skule då han starta Sunnfjord Ungdomsskule i 1902.

Arbeidsskule

Aurland kommune starta ein arbeidsskule i sløyd og handarbeid på 1880-talet. Dårleg elevsøknad førde til eit opphald frå 1898 til 1901, men så gjekk arbeidsskulen jamnt annakvart år fram til 1917. Deretter vart skulen driven eitt og anna året framover i mellomkrigstida når det melde seg nok elevar til å halde kurs.

Tidleg i gang med framhaldsskule

Den første framhaldssksulen i Aurland vart starta i 1891. Frå 18956 til 1917 var det framhaldsskule i Aurland annakvart år.

Landsmål

vart innført som skulemål i seks mindre skulekrinsar i Aurland kommune. Undredal og Vangen innførte landsmålet i 1919. Men på Myrdal, der det budde mange innflyttarar i samband med bygging og drift av Bergensbanen, heldt framleis ein stor majoritet på riksmål som skulemål.

Eigen skulekrins i høgfjellet

Uppsete ved Bergensbanen fekk ein eigen mellombels skulekrins i 1899 i samband med at det budde mykje familiefolk oppe på fjellet under anlegget av Bergensbanen. Det var to ingeniørar som søkte kommunen om å starte denne folkeskulen som fekk 14 elevar.

Realskule og gymnas

I 1943 vart det starta toårig realskule og treårig gymnas i Aurland etter initiativ frå Ragnvald Th. Wangen. Gymnaset var i drift til 1947, medan realskulen vart driven til den vart avløyst av ungdomsskulen.

Skuleanlegget på Fetane med idrettsanlegg til venstre, jordbruksskulen til høgre i biletet. Foto: AeroNor.

Skuleanlegget på Fetane med idrettsanlegg til venstre, jordbruksskulen til høgre i biletet. Foto: AeroNor.

Ungdomsskule

vart innført i 1973 og det nye skuleanlegget på Fetane vart teke i bruk våren 1974.

Sogn jord- og hagebruksskule

vart den andre jordbruksskulen etter Mo i Førde då den vart skipa i 1917 på Prestegarden i Aurland. Gjennom tida har skulen mang ein gong vore truga med nedlegging, men har overlevd takka vere undervisninga i økologisk landbruk.

Norskundervisning

I samband med opning av asylmottak i Aurland i 2001, vart det starta norskundervisning for kring 60 personar i januar 2002.

KOMMUNALE SKULAR I DAG (2002):

  • Aurland (1.-10. kl.)
  • Flåm (1.-7. kl.)
  • Skjerping (1.-7. kl.)
  • Undredal (1.-7. kl.)
  • Vassbygdi (1.-7. kl.)
  • Vassbygdi skule. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

    Vassbygdi skule. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.05.2011