Skyttarlag i Aurland

Guttorm J. Fretheim (1872-1945) var meisterskyttar og ei drivande kraft i Flåm skyttarlag. Foto: Norland, Bergen. Eigar: Svein Indrelid.
Aurland Skyttarlag vart skipa i 1872 etter opptak frå lensmann Ola Ohnstad. Laget fekk 20 medlemer frå starten. I ein kort periode 1892-1893 vart laget kalla «Fridtjof».
Skyttarprins
Den mest kjende skyttaren frå Aurland Skyttarlag er Jon Roti - fødd 1964 i Aurland, men busett på Voss. Konkurranseskyttar på landsnivå i fleire år. Skyttarprins 1996.
Flåm Skyttarlag
vart skipa i 1885. Skyttarhuset vart teke i bruk i 1906. Dette vart kring 1920 selt til ungdomslaget i bygda. Laget vart på 1980-talet slege saman med Aurland Skyttarlag.
Undredal
fekk eige skyttarlag - «Viking» - i 1888.
Utbygdi
skipa skyttarlaget «Nansen skyttarlag» i 1890.
Vassbygdi
fekk skyttarlag i 1898. Laget heitte ”Stålring”.
Nærøydalen
fekk skyttarlag i 1898.
Dalen
fekk skyttarlag ca. 1900.
Myrdal
fekk skyttarlag i 1945.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 06.06.2011