Hopp til innhold
X
Innhald

Slakteri og spekepølser i Aurland

Ein del av arbeidsstokken på slakteriet på Odden.

Ein del av arbeidsstokken på slakteriet på Odden.

Spekepølser frå Aurland og Undredal var i mange år eit viktig salsprodukt ved sida av Aurlandsskoen. Ei tid var det i alt ni slakteri i kommunen; fem slakteri i Aurland, tre i Flåm og eitt i Undredal

Fleire mindre slakteri var engasjerte i pølseproduksjon. Ei tid var det i alt fire slakteri i Aurland, eitt i Flåm og eitt i Underdal. I Aurland starta Brødrene Wangen slakteri og pølseproduksjon i 1912, og seinare kom Jørgen Loven, Martines Terum og Martin Lie i gang med sitt eige slakteri. Også Ola Wangen og Andreas Ohnstad dreiv kvar sine slakteri.

I Flåm var det Nils S. Widme som dreiv som slaktar og pølsemakar frå 1918, og 1926 starta Endre Ø. Underdal i Underdal.

Råstoff frå geitene

Ein stor del av råstoffet fekk dei lokale slaktarane frå geiter, for Aurland kommune var på denne tida den største geitekommunen i Sogn og Fjordane, med opptil 15.000 geiter.

Likevel vart det knapt om lokalt råstoff, og slaktarane i Aurland kjøpte difor slakterdyr både i Jostedalen, Veitastrond og Lærdal. Utanfor slakteria kunne det i sesongen stå fleire hundre geiter i inngjerda kvéer og vente «på tur».

Mange sysselsette

I sesongen var det vanleg at 12-14 personar arbeidde på kvart av slakteria. Fram til ein kring 1920 fekk oljedrivne motorar som dreiv kjøtkverner og andre maskiner, måtte alt arbeidet gjerast for hand. Eit tungt slit.

Spesiell smak

Kvar pølsemakar hadde si hemmelege oppskrift, men den spesielle «Aurlands-smaken» fekk ein fram ved å lagre den ferdig salta og krydra kjøtdeigen i vel tre veker før den vart stappa i pølsene, og pølsene røykte. Aurlands-pølsene vart selde som julemat.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2011