Hopp til innhold
X
Innhald

Smør av sauemjølk

Sauemjølka vart nytta til smørproduksjon. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sauemjølka vart nytta til smørproduksjon. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I ein kommune med mange brattlendte gardar var fjellbeita ofte meir verdfulle enn sjølve garden. Det var smøret og osten frå stølen som først og fremst skulle skaffe inntekter til garden.
Midt på 1800-talet var det gode prisar på stølskinna smør, og det var ikkje uvanleg at ein då også kinna smør av sauemjølk. Sauemjølk gav noko lysare smør enn kumjølka, men ulempa med denne smørproduksjonen var atlamma fekk for lite morsmjølk og vart mindre.

På slutten av 1800-talet la mange aurlendingar ned drifta av dei høgtliggande fjellstølane fordi det ikkje lenger var så lett å skaffe seg rimelege tenestefolk. Bygdene hadde på denne tida stor utvandring til Amerika, og mange fann seg dessutan betre betalt arbeid på anlegget av Bergensbanen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2011