Hopp til innhold
X
Innhald

Soop-ætta i Undredal

Medlemmer av adelsætta Soop heldt til i Undredal i seinmellomalderen. Dette var ei lågadeleg ætt med greiner både i Sverige og Noreg.

Anders Soop er den første frå ætta som er registrert med bustad i Sogn – i 1521. Anfinn Soop budde i Undredal i 1522. Han høyrde til ei lågadeleg ætt, og er i 1522 nemnd som den største skattytaren i Sogn med store eigedomar i Aurland og andre sognebygder, og i Hallingdal. Soop-ætta hadde tre blomar i ein vase som våpen.

Eigedomane til Soop-ættlingane i Undredal gjekk seinare mellombels over til andre store jordeigarar med sete i Bergen.

Soop-ane i Undredal spreidde også ættegreinene sine til Borgund på Sunnmøre gjennom giftarmål. Oldebarenet til Anfinn Soop, Kirsten Soop, vart gift Blix og var mor til Hans Blix som vart fut i ytre Sogn og budde på Flesje i Balestrand (sjå Futegardstida på Flesje).

Eigedomane til Soop-ættlingane i Undredal gjekk seinare mellombels over til andre store jordeigarar med sete i Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.11.2008