Hopp til innhold
X
Innhald

Stamvegen Bergen-Oslo gjennom Aurland

Ein av dei store fjellhallane i Lærdalstunnelen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ein av dei store fjellhallane i Lærdalstunnelen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I år 2000 markerte H.M. Kong Harald V opning av den ferjefrie stamvegen Bergen – Oslo då han klypte snora og opna verdas lengste vegtunnel: Lærdalstunnelen på Europaveg16. Lærdalstunnelen gjorde at Aurland samstundes fekk ei samla tunnellengde på europa- og riksvegar gjennom kommunen på nærmare 5,5 mil. Kampen om det framtidige stamvegsambandet mellm Bergen og Oslo vart minst like hard på 1980-talet som striden om lina for Bergensbanen hadde vore omlag 100 år tidlegare.

Vegplanar Aurland-Ål alt i 1856

Då stamvegplanane kom opp med full tyngde på 1980-talet, var det slett ikkje første gongen at nokon tenkte seg Aurlandsdalen som eit framtidig hovudsamband mellom aust og vest: Alt i 1856 hadde telegrafdirektør Carsten Tank Nielsen (1818-1892) lansert tanken om ein veg frå Voss gjennom Raundalen til Flåm og vidare gjennom Aurlandsdalen til Ål i Hallingdal. Ein ”biveg” skulle så gå over Myrdal og Hallingskeid og kome inn att på hovudvegen gjennom Aurlandsdalen ved Geiteryggen.

Frå Låvisberget på vegen  mellom Aurland og Hol. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Frå Låvisberget på vegen mellom Aurland og Hol. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Oslo Lysverker bygde Aurland-Hol

Heilårsvegen over høgfjellet frå Aurland til Hol i Hallingdal vart bygd i samband med den store kraftutbygginga i Aurland på 1970-talet. Vegen vart finansiert og bygd av utbyggjaren Oslo Lysverker og opna for trafikk i 1974. På Aurlands-sida av denne høgfjellsvegen gjennom Aurlandsdalen – riksveg 50 – er det bygd i alt 10748 meter tunnel: Vassbygdstunnelen 1058 meter, nedre Låvisbergtunnelen 260 meter, øvre Låvisbergtunnelen 410 meter, Stondaltunnelen 2240 meter, Berdalstunnelen 4270 meter og Nesbøtunnelen 2510 meter.

Utsikt frå Låvisberget mot Vassbygdvatnet, Loven og Aurland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Utsikt frå Låvisberget mot Vassbygdvatnet, Loven og Aurland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Stamvegen gjennom Aurlandsdalen?

Heilårsvegen over høgfjellet frå Aurland til Hol i Hallingdal vart bygd i samband med den store kraftutbygginga i Aurland på 1970-talet. Vegen vart finansiert og bygd av utbyggjaren Oslo Lysverker og opna for trafikk i 1974.

Dette vart ein rimeleg trygg heilårsveg, der mange av dei mest utsette snøpunkta m.a. kring Geiteryggen vart lagde i tunnel. Då tanken om eit ferjefritt og trygt stamvegsamband mellom Bergens-regionen og Austlandet kom opp med full tyngde på 1980-talet, var det sterke krefter i Hallingdal som meinte at ein burde satse på Aurland-Hol i staden for «omvegen» over Filefjell. Med litt ombygging av dei bratte tunnelane i Låvisberget frå Vassbygdi og opp i Aurlandsdalen ville vegen verte godt tenleg som framtidig stamveg, meinte dei.

Skilt som viser at det er bratt stigning i Låvisberget. Også politisk vart det motbakke for Aurland-Hol. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Skilt som viser at det er bratt stigning i Låvisberget. Også politisk vart det motbakke for Aurland-Hol. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kortvarig medvind for Aurland-Hol

Både Sogn og Fjordane fylke og samferdsleministeren i Syse-regjeringa, Lars Gunnar Lie, meinte det same, den gongen. Men etter hard politisk kamp, der særleg Valdres mobiliserte mot Hallingsdals-alternativet, tapte Aurland-Hol-alternativet kampen om å bli framtidig stamvegline ved avrøystinga i Stortinget i 1991. Då hadde Kjell Opseth teke over som samferdsleminister, og han støtta Filefjell-Valdres-lina.

På Aurlandssida av denne høgfjellsvegen – riksveg 50 – er det bygd i alt 10.748 meter tunnel: Vassbygdstunnelen 1058 meter, nedre Låvisbergtunnelen 260 meter, øvre Låvisbergtunnelen 410 meter, Stondaltunnelen 2240 meter, Berdalstunnelen 4270 meter og Nesbøtunnelen 2510 meter.

Inngangen til Lærdalstunnelen på Aurlandsida. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Inngangen til Lærdalstunnelen på Aurlandsida. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Filefjells-alternativet vann

Filefjells-alternativet over Lærdal og Valdres vann, og vart eit ferjefritt heilårssamband Bergen-Oslo då verdas hittil lengste vegtunnel - Lærdalstunnelen (24.510 meter) - vart opna i november 2000 av H.M. Kong Harald. Sjå Lærdalstunnelen - verdas lengste.

I dette stamvegsambandet inngår også fire store tunnelar på strekninga Aurland-Gudvangen - rekna frå aust:

Onstadtunnelen 673 meter, opna 1992, Fretheimtunnelen 1363 meter, opna 1992, Flenjatunnelen 5053 meter, opna 1988 og Gudvangatunnelen 11.428 meter, opna 1991.

I Nærøydalen er det rasfarleg, og fleire gonger har E16 vore stengd på grunn av steinras. 21. juni 2010 sprengde Statens Vegvesen ned ein del av det usikre berget under Nebbet. Foto: Arnstein Karlsen.

I Nærøydalen er det rasfarleg, og fleire gonger har E16 vore stengd på grunn av steinras. 21. juni 2010 sprengde Statens Vegvesen ned ein del av det usikre berget under Nebbet. Foto: Arnstein Karlsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.05.2011