Hopp til innhold
X
Innhald

Stor gravrøys ved Styvi

Gravrøysa på Holmo.

Gravrøysa på Holmo.

Om lag tre kilometer sør for garden Styvi ved Nærøyfjorden, på ein stad som heiter Holmo, ligg ei av dei største gravrøysene i Aurland kommune.
Den er to meter høg og måler 15 meter i tverrsmål. På toppen syner merke etter graving. Ei segn fortel at skattane i grava vart gravne ut ei natt etter at folket hadde støytt på ei steinhelle nede i grava. Segna seier at folket på garden Tufto litt lenger ute med fjorden vart velståande etter denne nattlege gravinga.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.06.2011