Hopp til innhold
X
Innhald

Storgarden Aurdal

Prestar vart eigarar

Aurdal er det gamle namnet på det som no er Prestegarden. Fem store gravhaugar vitnar om at garden har vore sete for storfolk heilt tilbake til førhistorisk tid i bronse- og jernalder.
Aurdal var ein storgard også i høgmellomalderen, og ein viktig gard i den mektige Aurlandsætta sitt jordegods.

Prestar vart eigarar

Tidleg på 1600-talet samla presten Christen Jenssøn mykje jordegods i Aurland: Han fekk m.a. kontroll over gardane Kvam, Vinjum og Aurdal. Presten som fylgde etter Cristen Jenssøn i 1649, Henrik Reiersen Urdahl, heldt fram jordsamlinga, og åtte heilt eller delvis 40 gardar i Aurland.

Fekk namnet Storepresten

Reiersen vart også kalla «Storepresten», og etter han vart garden på folkemunne kalla «Prestegarden» - sjølv om den i lang tid enno var i privat eige. Reiersen dreiv også sagbruk i Norheimsdalen.

Også kalla Urdahl

Frå 1600-talet og utover vart garden ofte nemnt for Urdahl eller Ordal, og vart prestegard i Aurland i kring 300 år frametter. Staten overtok seinare garden.

Enda som skule

I 1940 vart prestegarden kjøpt frå Staten av Aurland kommune og lagt ut som skulegard for Sogn jord- og hagebruksskule.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2011