Hopp til innhold
X
Innhald

Svein Skjerdal

Svein Skjerdal fødd 1932 i Aurland, busett i Sogndal. Folkemusikar. Han har m.a. vunne fleire prisar som spelemann og dansar, og har vore dommar på ei mengd kappleikar.

Medskipar av Sogn Spelemannslag der han var leiar i 26 år, nestleiar i 13 år. Medskipar og første leiar av Sogn og Fjordane folkemusikklag frå 1981. Han har vore styremedlem i Landslaget for spelemenn og vart æresmedlem i laget i 2003.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.05.2011