Hopp til innhold
X
Innhald

Tannstangsbane Stalheim-Gudvangen

Den smalspora jernbanen Vossabanen opna i 1883, og førte til auka turisttrafikk over Gudvangen. Den aktive ingeniøren Jens Sigfred Hopstock søkte i 1895 saman med nokre engelskmenn om å få byggje privat jernbane Voss-Stalheim.

Ned dei brattaste kleivane var det planen at banen skulle hyggjast som såkalla «tannstangsbane» - dvs. at vognene skulle trekkjast fram med tannhjul på ei tannstang montert i skinnegangen. Stortinget gav løyve, men bana vart aldri bygd.

Også i 1904 vart det lagt fram skisser for ei tannstangsbane frå Stalheim mot Gudvangen som alternativ til traséen for Flåmsbana.

Les meir om jernbanen i Aurland

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.05.2008