Hopp til innhold
X
Innhald

Telegraf og telefon i Aurland

Telegrafarbeidarar – også kalla graffarar – på fjellet mellom Aurland og Lærdal. Ukjend fotograf, eigar Erlend Skjerven. © Fylkesarkivet.

Telegrafarbeidarar – også kalla graffarar – på fjellet mellom Aurland og Lærdal. Ukjend fotograf, eigar Erlend Skjerven. © Fylkesarkivet.

Teleutbygginga i Aurland har vore prega av at den første telegraflina aust-vest gjekk gjennom bygda, av turisttrafikken over Gudvangen. og av trongen til rask kommunikasjon då Bergensbanen vart bygd i høgfjellet kring 1900. Alt dette gjorde at bygdene i Aurland fekk tidlegare telesamband enn det som elles var vanleg i dei fleste sognebygder.

Telegraflina Oslo-Bergen

via Lærdal-Aurland vart opna i 1858. – Les meir om denne viktige telegraflina under Lærdal kommune. Framleis kan ein sjå stolpekara etter den første telegraflina på fjellet mellom Erdal og Aurland. Men telegraflina frå 1858 over fjellet til Lærdal gjekk i over 1000 meters høgde mange stader og var utsett for uver. I 1876 vart det difor bygt ei ny og meir hardfør line over høgfjellet. Stolpekara etter denne kan ein framleis sjå tett ved fjellvegen. Linearbeidarar vart kalla "graffarar". Mange av graffarane som arbeidde på lina Lærdal-Aurland kom frå Gulen der det utvikla seg eit miljø for dette yrket. – Les meir om graffarane i Gulen under Gulen kommune.

Den første telegraflina fylgde i store trekk same traséen som fjellvegen Aurland-Lærdal. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Den første telegraflina fylgde i store trekk same traséen som fjellvegen Aurland-Lærdal. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Telegrafstasjon i Aurland

Kjøpmann Hans Johannes Brun opna telegrafstasjon i Aurland i 1873 då bygda vart knytt til hovudtelegrafen mellom Bergen og Oslo.

Telefon og telegraf i Flåm

I samband med anlegget på jernbanen, fekk Flåm ei lokal telefonline opp til leirane på fjellet kring 1900. Nede i bygda vart det opna ein privat telefonstasjon i 1902, og rikstelefon i 1910. I 1911 vart det installert ein spesiell turisttelegraf som berre var open i turistttida. Flåm og Undredal var automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1983.

Gudvangen først med jernbanetelegraf

Alt i 1889 bygde Vestlandske Telefonkompani den første telefonlina i Sogn og Fjordane frå Voss til Gudvangen. Bak dette selskapet stod ingeniøren Jens Sigfred Hopstock. Lina gjekk inn i Telegraferket sitt rikstelefonnett i 1898, men vart lagt ned kort tid etter og erstatta med ein såkalla turisttelegraf i 1899. Denne var berre open i turisttida.

Til Kårdal

vart det elles bygt ein anleggstelefon for jernbana i 1896.

Myrdal

fekk jernbanetelegraf i 1908 og talestasjon for vanleg telefon i 1911.

Uppsete

(Opset) vest for Gravhalstunnelen fekk jernbanetelegraf i 1908.

Vatnahalsen

fekk rikstelefon i 1911.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.05.2011