Hopp til innhold
X
Innhald

Telegrafstasjon i Aurland

Aurlandsvangen og Onstad (nærast) i 1913. Postkort.

Aurlandsvangen og Onstad (nærast) i 1913. Postkort.

Kjøpmann Hans Johannes Brun opna telegrafstasjon i Aurland i 1873 då bygda vart knytt til hovudtelegrafen mellom Bergen og Oslo.

I Aurland hadde det vore ein oppsynsstasjon for denne hovudlina aust-vest sidan 1860. Aurland fekk privat telefonstasjon i 1902, då det private Aurland Telefonselskap bygde line mellom Aurland og Flåm, og bygdene fekk rikstelefon i 1910.

Telefonen i Aurland og Vassbygdi vart automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1973.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.05.2011