Hopp til innhold
X
Innhald

Tobakksdyrkaren i Undredal

Jon S. Underdal i tobakksåkeren i Undredal. Foto: Aurland lokalhistoriske arkiv.

Jon S. Underdal i tobakksåkeren i Undredal. Foto: Aurland lokalhistoriske arkiv.

Øistein Underdal starta i 1884 med tobakksdyrking i Undredal. Han hadde lært kunsten i Amerika, og vart etter kvart stor oppkjøpar av tobakk frå dyrkarar i Sogn. Tobakken selde Underdal vidare til Tiedemanns Tobakksfabrikk i Oslo. Sjølv bygde han eit stort tørkehus på garden sin i Undredal. Staten la store avgifter på tobakksdyrkinga, og dei fleste la ned på 1920-talet.

Underdal bygde også eit stort bustadhus på garden sin og hadde planar om å starte hotell, men dette vart det ikkje noko av.

Les meir om tobakksdyrking i Sogn under Luster kommune: Tobakksdyrkinga i Luster.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2011