Hopp til innhold
X
Innhald

Torbjørn Horten

Torbjørn Horten (1844-1927) frå Aurland. Lærar, haugianar og skulegrunnleggjar. Han kom frå den einbølte høgdegarden Horten ved Aurlandsfjorden.

Utdanna ved lærarskulen i Balestrand. Arbeidde som lærar i Luster og Leikanger før han flytta til Naustdal og vart lærar og omreisande predikant.

I Sunnfjord skipa han haugianarforeninga «Ungdomsvennernes Forening» i 1892.

Han grunnla i 1902 den kristelege ungdomsskulen Sunnfjord Ungdomsskule i Naustdal. Den vart i 1909 flytta til nybygget «Solvang» i Førde. Der finst enno «Hortatunet», oppkalla etter Torbjørn Horten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.05.2011