Hopp til innhold
X
Innhald

Torgrim Gjesme

Torgrim Gjesme fødd 1942 i Aurland, busett i Oslo. Professor i pedagogisk psykologi. Dr. philos ved Universitetet i Oslo (UiO) 1976, forskar ved Ruhr Universität i Tyskland 1979-1981, forskar ved Stanford University i California, USA, professor i pedagogisk psykologi (UiO) 1993. Innvald medlem i Det Kongelige Norske Videnskapers Selskab 1991, medlem i Det Norske Videnskapsakademi 1999, Honory Member of Doctorial Committee, University of Alabama, USA, 1998.

Gjesme har medverka til ei rekkje bøker og artiklar innan pedagogikk, og har interessert seg særleg for motivasjon og prestasjonsforbeting innan læring.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2012