Hopp til innhold
X
Innhald

Torstein Guttormsen Fretheim

Torstein Guttormsen Fretheim.

Torstein Guttormsen Fretheim.

Torstein Guttormsen Fretheim (1808-1874) frå Flåm. Bonde og politikar. Første ordførar i Aurland, forliksmann og valmann m.m. Han var ordførar i 20 år.

Stortingsrepresentant 1842, 1848, 1862-1863 og 1871-1873. Vararepresentant 1845, 1854, 1859-1860 og 1868-1869.

Øydela krystallysekrune

Torstein var ein sprek kar som det går ei historie om etter ei særs lystig og fuktig 17. mai-feiring på Hotel du Nord i Christiania i 1842: Stortingsmennene som var til stades kappast om å sparke halling, men ingen nådde opp til den flotte krystallysekruna før Torstein trakka til. Han nådde opp i krystallysekruna med begge føtene slik at glaset singla over heile rommet. Etterpå måtte dei 35 i festlyden dele ei rekning på 150 specidalar for den knuste stasen.

Far til Torleif T. Fretheim fødd 1851, sjå under Kjende personar i Aurland og Haakon Fretheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.01.2012