Hopp til innhold
X
Innhald

Turismen starta med lakselordane

Lord Wigram med fylgje utanfor Lordabygningen på Onstad. © Aurland lokalhistoriske arkiv.

Lord Wigram med fylgje utanfor Lordabygningen på Onstad. © Aurland lokalhistoriske arkiv.

Sportsfiske etter laks og aure i elvane i Aurland, Flåm og Gudvangen lokka dei første turistane til å stoppe i desse bygdene. Medan Gudvangen-hotella hadde største inntekta frå gjennomreisande, så var det først og fremst laksefisket som skapte grunnlaget for dei første hotella i kommunesenteret Aurland.

Bottolv Hemre (t.v.) og Sjur Endeve med ein god dagsfangst i Nærøydalselvi. © Aurland lokalhistoriske arkiv.

Bottolv Hemre (t.v.) og Sjur Endeve med ein god dagsfangst i Nærøydalselvi. © Aurland lokalhistoriske arkiv.

Engelske lakselordar

Kring 1850 kom engelske lordar og velstandsfolk til Aurland for å fiske og gå på reinsjakt. Dei budde for det meste i eit stort hus på Onstad, som seinare har vorte kalla ”Lordabygningen” eller ”Engelskbygningen”. Lordane Garvagh var årvisse. Dei ankra opp den flotte tremasta seglychten ”Sunbeam” utanfor Vangen og levde eit luksusliv som var framant for folk i den isolerte bygda på den tida. Dei la att mykje pengar til tenestefolk i bygda, men oppførte seg elles med stor arroganse: Det vert fortalt at den yngre lord Garvagh irriterte seg på ein gris som grylte på andre sida av elva hjå husmannen Blide-Mons. Då tok han fram børsa og skaut grisen. Ein annan gong skaut han hol i robåten til ein mann som rodde framom elvosen -berre for å kunne ha moro av å sjå korleis mannen ombord skvatt til når vatnet fossa inn i båten like fram for føtene sine. Lorden betalte visst nok både grisen og båten etter desse hendingane, men fekk ikkje lensmannen etter seg.

Lord Garvagh og fylgjet hans samla utanfor Lordabygningen. © Aurland lokalhistoriske arkiv.

Lord Garvagh og fylgjet hans samla utanfor Lordabygningen. © Aurland lokalhistoriske arkiv.

Laksefiskarar til Gudvangen

Dei første sportsfiskarane kom til Gudvangen kring 1870.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.06.2011