Hopp til innhold
X
Innhald

Turistruta Voss-Gudvangen-Lærdal

DS Fjalir legg til kai i Gudvangen på slutten av 1800-talet. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UiB.

DS Fjalir legg til kai i Gudvangen på slutten av 1800-talet. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UiB.

Gudvangen fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1862. Trafikken over Gudvangen tok seg sterkt opp då jernbanen Bergen-Voss opna i 1883. I 1912 var ein såleis oppe i kring 20.000 passasjerar. Til saman 194 (!) skyssvogner var i sving mellom Voss og Gudvangen.

Denne trafikken med hestevogner fekk eit dramatisk fall under 1. verdskrig, og tok seg ikkje opp att etter den tid.

Slik vart bilar og bussar frakta på Nærøyfjorden før dei første spesialbygde ferjene vart innkjøpte.

Slik vart bilar og bussar frakta på Nærøyfjorden før dei første spesialbygde ferjene vart innkjøpte.

I 1934 sette Fylkesbaatane inn «Stavenes» i ei bilførande rute Lærdal-Vadheim. Denne hadde korrespondanse midtfjords med «Vesle-Øyyvind» som gjekk i bilførande rute til og frå Gudvangen.

Frå 1939 gjorde den nybygde bilferja «Lærdal» det lettare å drive biltransport på Sognefjorden. Etter at tunnelane mellom Flåm og Gudvangen opna, har bilferjene nordanfrå Lærdal og Kaupanger berre gått til Gudvangen.

MF Gudvangen som fraktar turistar mellom Flåm og Gudvangen går frå kai i Flåm. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

MF Gudvangen som fraktar turistar mellom Flåm og Gudvangen går frå kai i Flåm. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferjeturen inn den UNESCO-verna Nærøyfjorden er ei av dei mest populære båtrutene på Vestlandet i turistsesongen. Om sommaren går det passasjerrute mellom Flåm og Gudvangen.

”Skagastøl” er mellom båtane som fraktar turistar mellom Flåm og Gudvangen. Lengre ute på Nærøyfjorden kjem den bilførande sommarferja frå Kaupanger. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

”Skagastøl” er mellom båtane som fraktar turistar mellom Flåm og Gudvangen. Lengre ute på Nærøyfjorden kjem den bilførande sommarferja frå Kaupanger. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.01.2012