Hopp til innhold
X
Innhald

Turiststaden Gudvangen

Anders Askevold er ein av kunstnarane som vart inspirert av naturen i Nærøyfjorden.

Anders Askevold er ein av kunstnarane som vart inspirert av naturen i Nærøyfjorden.

Gudvangen i botnen av Nærøyfjorden spela den same rolla kring 1900 som Flåm har gjort seinare som det største turistsenteret i Aurland.

Bygda fekk to turisthotell, og i turistskipssesongen kunne 200 stolkjerrer stå klare på kaien for å gje turistane hesteskyss opp til Stalheimskleivi når dei flytande hotella ankra opp ute på fjorden og tusenvis av turistar strøymde i land. Opninga av den nye stamvegen Bergen-Oslo på 1990-talet - og ikkje minst at Næryfjorden har kome på FN si verdsarvliste - har på nytt gjort Gudvangen til eit viktig reisemål.

Nærøyfjorden sett frå Gudvangen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nærøyfjorden sett frå Gudvangen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kongeveg og post

Heilt frå dei kongelege postrutene vart starta av stathaldar Hannibal Sejerstedt i 1647, har postruta mellom Bergen og Oslo over Sogn vore ei av dei viktigaste i kongeriket:

Ingen stader kunne ein finne ei betre «lågslandsline» mellom aust og vest enn over Filefjell. Posttrafikken førde med seg utbygging av skikkelege køyrevegar alt på 1700-talet, både over Lærdal og Filefjell og mellom Gudvangen og Voss.

Gudvangen vart eit svært viktig knutepunkt for den kongelege postruta: Her skifte postsekken frå hesteryggen til båt, og roarane tok over postføringa ut fjorden og til Lærdalsøyri. Isvanskar i Nærøyfjorden gjorde at ein seinare bygde primitive vegar - eller stiar - utmed fjorden til Bakka, og derifrå fjordkryssing til Styvi på austsida for å kome ut i isfritt vatn. På 1840-talet vart den første norske dampbåten, hjulbåten «Constitutionen», sett inn på postruta Bergen- Lærdalsøyri. Men hovudtrafikken med reisande Bergen-Oslo gjekk framleis i lang tid over Voss-Gudvangen-Lærdal. Det var først då Bergensbanen over høgfjellet opna i 1909 at dette reisemønsteret over Sogn vart endra radikalt.

Gudvangen i 1870. Foto: K. Knudsen.

Gudvangen i 1870. Foto: K. Knudsen.

Gullåra for Gudvangen

Åra frå 1880 og utover til 1. verdskrig vart gullåra for reiseliv og handel i Gudvangen, for då tok utanlandske turistar til å strøyme til dei norske fjordane. I desse åra hadde Gudvangen den same rolla i reiselivsnæringa i indre Sogn og Flåm spelar i dag. Her vart utlendingane mållause av dei mektige fjella kring Nærøyfjorden og skyssturen ned den stupbratte Stalheimskleivi.

Innfallporten for den første masseturismen var «englandsbåten» frå Newcastle som starta rutene kring 1858. Dei nyskipa Fylkesbaatane skyssa turistane vidare nordover til fjordane i Sogn og Nordfjord. På kort tid skaut det opp over 50 hotell i Nordre Bergenhus Amt. Langs dei mest populære turistrutene låg hotella på rekkje og rad: På strekninga Lærdal-Filefjell-Valdres, langs reiseruta Vadheim-Førde-Sandane, og i indre Nordfjord langs vegane nordover til Norangsdalen, Sunnylven og Geiranger/Gudbrandsdalen. Også langs ruta Bergen-Voss- Gudvangen låg turisthotella tett, og då Vossabanen vart opna frå Bergen til Voss i 1883 (seinare forlenga til Bergensbanen, som opna i 1909), vart det retteleg fart på reiselivet over Gudvangen.

Bygdefolk med hestekjerrer ventar på turistane frå tre skip i Gudvangen rundt 1900.  Gamalt prospektkort.

Bygdefolk med hestekjerrer ventar på turistane frå tre skip i Gudvangen rundt 1900. Gamalt prospektkort.

200 hestekjerrer på kaia

Mange bønder i Gudvangen gjorde seg gode pengar som skysskarar. Då dei store turistskipa – dei flytande hotella – tok til å gjere seg gjeldande på turistmarknaden på 1890-talet, vart det vanleg å skipe til såkalla overlandsturar frå Granvin i Hardanger og over til Gudvangen, slik det også vart skipa til overlandsturar i indre Nordfjord mellom Stryn og turistbygdene Geiranger, Hellesylt og Øye på indre Sunnmøre.

Ei teljing i 1908 fortel at Gudvangen i 1908 hadde anløp av 79 utanlandske turistskip med i alt 10.000 passasjerar. I tillegg kom Fylkesbaatane sine 4.500 reisande. Ofte kunne det stå 200 hestekjerrer oppstilt frå kaien i Gudvangen og tre kilometer innover for å skysse turistar! Like før første verdskrig hadde bygda årleg gjesting av 30.000 passasjerar frå turistskipa.

Bygda summa av liv og røre. Ikkje alt gjekk fredeleg føre seg, særleg når skysskuskane kom i krangel i iveren etter å kapre passasjerar og gjestar til hotella kringom i bygdene. Her var det både lærdøler, vesser og hardingar som kunne stridast om dei reisande. I 1910 vart det tilsett eigen politibetjent som skulle syte for lov og orden. Nærøy var eige lensmannsdistrikt frå 1867 til 1912.

Skyssgut ogfjording venter på turistane som skal fraktast ned att Stalheimskleiva og Nærøydalen til Gudvangen og dei ventande turistskipa. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Skyssgut ogfjording venter på turistane som skal fraktast ned att Stalheimskleiva og Nærøydalen til Gudvangen og dei ventande turistskipa. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Keisar og kunstnarar i Gudvangen

I desse gullåra for turismen i Gudvangen var keisar Wilhelm II av Tyskland ein prominent og årviss gjest frå 1889 og utover til hundreårsskiftet, då Balestrand vart favorittstaden hans i Sogn. – Les meir om keisaren i Sogn under Balestrand kommune, og under Stryn kommune.

Også dronning Wilhelmina av Nederland var ein flittig gjest i Gudvangen. Ho kom første gong i 1921. Siste gongen ho vitja bygda i 1955 kom ho saman med dottera, seinare dronning Juliana. – Les meir om dei kongelege turistane frå Nederland under kommunane Luster og Stryn.

Dei stupbratte fjordsidene kring Nærøyfjorden lokkka ei mengd kunstnarar til Gudvangen, både norske og utanlandske. I. C. Dahl sitt måleri frå Stalheim er eit ikon i norsk målarkunst frå romantikken, og kunstnarar som t.d. Anders Askevold og Balestrand-baserte kunstnarar som Adelsten Normann, Hans Dahl, Hans Andreas Dahl, Eva Bastor Normann, Alfred Heaton Cooper og fleire har henta ei mengd motiv frå Nærøyfjorden og Gudvangen. – Les meir om kunstnarane i Sogn i artikkelen Kunstnarane og Balestrand under Balestrand kommune, og i artikkelen Kroken - adelssete og kulturelt senter under Luster kommune.

Stalheimskleiva og Nærøydalen før 1900.

Stalheimskleiva og Nærøydalen før 1900.

Turistane gjekk opp Stalheimskleiva

I mellomkrigstida vart turiststrafikken mellom Voss og Gudvangen organisert av tre skysslag som delte bilskyssen Gudvangen-Stalheim mellom seg slik at Nærøydalen Skysslag fekk 55 prosent av trafikken og dei to skysslaga frå Vossa-sida fekk resten.

Turistane vart skyssa med bil til foten av Stalheimskleivi. Der vart dei fleste sette av for å gå opp den bratte vegen til fots opp til lunsjborda på Stalheim Hotell. Dei som ikkje orka å bruke føtene vart skyssa opp kleiva i hestekarjol.

Ved foten av kleiva låg det også ein liten kafé for turistar og skysskarane som venta. Ved dei åtte grindane nedetter dalen tente kjappe grindagutar gode pengar på servicen med å opne for turistvognene. Hesteskyssen mellom Gudvangen og Stalheim tok slutt då vegen i Stalheimskleiva vart utvida til skikkeleg bilveg i 1937.

På same tid tok straumen av turistbåtar og skyss som fylgde med ein temmeleg brå slutt då nazistane i Tyskland på slutten av 1930-talet tok til å skape ufred i Europa. Tyske turistar fekk då ikkje lenger lov å stige i land i bygda.

To turistskip set på land turistar i Gudvangen i 1908.

To turistskip set på land turistar i Gudvangen i 1908.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2011