Hopp til innhold
X
Innhald

Tyngdepunktet mellombels over til Onstad-sida

Onstad sett frå fjellvegen Aurland-Lærdal. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Onstad sett frå fjellvegen Aurland-Lærdal. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Korporal Sivert Johannesen vart gift med ei jordajente på Onstad på andre sida av Aurlandselvi, og i 1737 fekk han løyve til å drive gjestgiveri der. Handelsløyvet fylgde ikkje med.

Onstad tingstad

Onstad vart samstundes fast tingstad for bygda. Her var det lasteplass i Salthella, og i meir enn 100 år frametter vart difor Onstad eit tyngdepunkt for handel og ferdsle.

Nye eigarar av gjestgiveriet

I 1779 overtok svigersonen til Sivert Johanessen, Rasmus Hagøe, gjestgiveriet på Onstad. Frå 1792 fekk han handelsrett. Hagøe pakta prestegarden, dreiv byhandel med jekt og sildebruk med not og båt. I 1800 overtok sonen Ole Hagøe. Då han fall ifrå, styrde enkja Anne Elisabeth Jersin eigedomen til 1815, då ein slektning av Ole Hagøe, Peder Holm, tok over. Men det var nedgangstider og tungt å drive, og i 1819 selde han til Jon Larsen.

Handelen og gjestgiveriet vart verande i denne Larsen-slekta til slutten av 1800-talet. Men lenge før den tid var det skapt ny aktivitet på Vangen på nordsida av elva som skulle føre Onstad i bakleksa

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2011