Hopp til innhold
X
Innhald

Ulukker i Aurland

Ras har teke mange mennekseliv i Aurland. Også på den sterkt trafikkerte E16 er det stor rasfare fleire stader, dette er frå eit ras som nesten nådde E16 i Gudvangen. Foto: Arne Veum, Aurlendingen.

Ras har teke mange mennekseliv i Aurland. Også på den sterkt trafikkerte E16 er det stor rasfare fleire stader, dette er frå eit ras som nesten nådde E16 i Gudvangen. Foto: Arne Veum, Aurlendingen.

Berre ulukker med fleire omkomne eller ulukker under særskilde omstende er tekne med i dette oversynet. M.a. er det ingen enkeltomtalar av alle ulukker der personar fall utfor dei bratte fjellstupa langs fjordane og drap seg under arbeidet med slått og lauving.

Gåver skulle verje mot ras

I eldre tider var det mange som budde under fonnfarlege fjell som meinte dei kunne verje seg mot snøfonner og steinskred ved å gje milde gåver til kyrkjer og hospital.

1701

I 1701 omkom ein mann frå Undredal i ei vådeskotsulukke.

Ca. 1775

Kring 1775 vart ei kvinne frå Gjesme i Flåmsdalen drepen i ei steinskrede.

1780

I 1780 brann tunet på høgdegarden Kappadal ved Aurlandsfjorden ned medan huslyden var til kyrkje. Ei 49 år gamal tenestejente omkom og heile buskapen brann inne. Det ruinerte folket på Kappadal budde lenge i ei ussel steinhytte før dei fekk bygd opp att tunet.

1791

I 1791 drukna to menn då dei fall ut av ein robåt ved Lialandet. Dei to var på heimveg frå kyrkja på Vangen då dei rauk opp i slagsmål slik at båten kvelva. Tre andre i båten vart berga.

1806

I 1806 miste ein mann frå Bakka livet i ei snøskrede.

1807

I 1807 vart ein båt lasta med bord råka av ei steinkrede ved Breisnes, og to mann ombord vart hardt såra. Båten vart knust og dei tre fall i sjøen, men vart berga av ein annan båt som kom til.

1807

I 1807 miste ei 10 år gamal gjetarjente på Gjesme i Flåmdalen livet då ho vart teken av eit steinskred.

Ca. 1825

Ca. 1825 vart ein mann frå Onstad drepen i ei steinskrede.

Her ved Bakka druka ni menneske i 1835. Foto: NRK.

Her ved Bakka druka ni menneske i 1835. Foto: NRK.

Ni drukna då skreda velta båten

I 1835 drukna eit fylgje på ni personar frå Nærøydalen og Gudvangen, både kvinner og menn, då ein robåt med eit brurefylgje på veg til kyrkja i Undredal kvelva på fjorden. Ulukka hende då snøskreda Hestnese på Bakka løyste seg nett då robåten kom framom og slo båten rundt. Berre to av dei omkomne vart funne att. Særleg hardt gjekk det ut over garden Hemri i Nærøydalen: Derfrå miste fire menneske livet. Ulukka førde til at garden måtte seljast på auksjon.

1837

I 1837 kom ein tre år gamal gut frå Undredal bort på veg heim frå ein støl. Tre veker seinare vart han funnen død under ein heller.

1856

I 1856 drukna far og son utanfor fjellet Beitelen mellom Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden.

1858

I 1858 vart ein mann frå Vossestrand drepen då han gjekk i eit sjølvskot for bjørn som var sett opp ved garden Ramsøy i Gudvangen.

1859

I 1859 drukna husbonden på ein gard på Bakka i fjorden ved fjellet Beitelen. Same hausten brann husa på garden ned og ei sølvkanne full av sølvpengar strauk med.

1865

I 1865 vart eit sovande spebarn kjøvd under ei pute i ei seng på garden Holo i Flåm. Ulukka bar til då nokre karar gav seg til å spele poker i eit kammers der barnet låg og sov. Etter ei tid kom brura inn i kammerset og ville sjå til karane. Ho sette seg på senga saman med ein mann, og for å sitje betre, tok dei ei pute under baken. Spebarnet vart liggjande under puta, og vart kjøvd.

1867

I 1867 drukna lensmann Botolf Underdal og sonen då robåten deira kantra i ei stormbyge på veg til Leikanger.

1873

I 1873 vart Synneva Drægeli, ektemaken til sårlegen Jens Larsen Drægelid, stanga utfor eit stup og døydde. Etter ulukka flytta Jens frå Drægali og ned til Dyrdal.

1883

I 1883 miste ein kvinne i Gudvangen livet i ei steinskrede.

1884

I 1884 miste ein ung gut frå Skjerping i Nærøydalen livet i ei snøskrede.

1884

I 1884 miste ein bror og ei syster frå garden Stigen livet då vinden frå ei skrede frå fjellet Koldao kvelvde robåten deira. Guten skulle ro systera heim frå skulen då ulukka hende. Skreda frå Kaldao gjorde at folket på Stigen måtte bardunere husa sine og setje i tjukkare vindusglas for at ikkje fonnvinden skulle gjere skade. I 1990 vart naustet til nedre-Stigen lyfta av murane og kasta på fjorden av skreda frå Kaldao.

1890

I 1890 omkom ein mann frå Holo i Flåm i eit snøskred under rypejakt ved Ramnanosi.

1891

I 1891 omkom ei kvinne og to barn i eit jordskred på ein seterstøl i Flåm.

1899

I 1899 vart ein mann frå Undredal drepen på ei reise til Bergen.

1909

I 1909 omkom ein mann frå frå garden Tufte ved Bakka då han fekk eit tre over seg under tømmerhogst i Amla.

1913

I 1913 vart ein mann på garden Drægo drepen av eit steinskred.

Flyulukke i 1935

I 1935 omkom flygaren då eit militært landfly kom bort i ein løypestreng og styrta på garden Tokvam i Aurland. Flygaren freista å naudlande etter at dei hadde gått tome for bensin. Flymekanikaren ombord berga livet.

Ca. 1935

Ca. 1935 fraus ein skysskar frå Vangen i hel ei natt då han utførte eit skyssoppdrag med robåt til Undredal.

1937

I 1937 vart ein 28 år gamal skyssgut frå Sogndal drepen i Nærøydalen då han vart sparka av ein hest. Sparket førde til at han vart kasta i fossen ved Stalheimskleivane, og vart ikkje funnen att før langt ut på sommaren.

1938

I 1938 vart husa på garden Arnehus ved Nærøyfjorden sopa på fjorden av ein flaum. Mange husdyr drukna, men ingen menneske vart skadde.

1943

I 1943 vart ein unggut på Nedberge drepen då han vart teken av eit snøras og kasta utfor eit berg.

Bussen som vart råka av steinras på Vassbygdvegen i 1956.

Bussen som vart råka av steinras på Vassbygdvegen i 1956.

1956

I 1956 vart ein buss frå Aurland Billag råka av eit stort steinras på Vassbygdvegen. Ei kvinne vart hardt skadd og fekk eit langt sjukehusopphald etter ulukka. Bussen vart totalt ramponert, og det vart sett på som eit under at ingen andre passasjerar vart skadde.

1956

I 1956 omkom ein 27 år gamal sjømann frå Flåm då lasteskipet ”Sagvåg” frå Stavanger forliste utanfor Egersund og alle dei ni om bord omkom.

1957

I 1957 omkom ein 25 år gamal vegarbeidar frå Undredal då dei freista å byggje tunnel frå Undredal til Flåm. Dei skulle til på den første tunnelen då mannen vart råka av ein stein som fall ned. Vegprosjektet langs fjorden vart deretter lagt lagt ned.

1980

I 1980 omkom ein 76 år gamal laksefiskar frå Flåm då han fall uti og drukna i Flåmselvi.

2000

I 2000 omkom pensjonert medisinprofessor Olav Tønder då han køyrde utfor med traktor på småbruket sitt på Drægo. Garden hadde han arva i 1986.

2000

I 2000 omkom ein mann i Rausmesdalen då han vart teken av eit snøskred.

2007

I 2007 vart ei kvinne drepen og seks hardt skadde då eit vogntog kolliderte med to personbilar på europavegbrua i Flåm.

Frå ulukka på brua i Flåm i 2007. Foto: Arve Uglum, NRK.

Frå ulukka på brua i Flåm i 2007. Foto: Arve Uglum, NRK.

2012

I 2012 omkom ei britisk kvinne då ho fall av sykkelen og sklei på ei snøfonn og ut i elva i Myrdalssvingane.

Luftambulansen leitar i fjellsida ved Vassbygdi etter ein sakna basehoppar 9. september 2013. Foto: Arne Veum.

Luftambulansen leitar i fjellsida ved Vassbygdi etter ein sakna basehoppar 9. september 2013. Foto: Arne Veum.

2013

I juli 2013 omkom ein 25 år gamal mann frå Florø i ei basehoppulukke i Gudvangen.

I august same året omkom ein mann i 40-åra frå Telemark i ei ny basehoppulukke då han hoppa frå Fetanipa.

I september omkom ein mann i 30-åra i ei basehoppulukke ved Vassbygdi, slik at det på to månader var tre personar som omkom i slike ulukker i Aurland kommune.

Gudvangatunnelen var fylt av røyk frå brannen i semitraileren. Foto: Stine Larsen Ramsøy.

Gudvangatunnelen var fylt av røyk frå brannen i semitraileren. Foto: Stine Larsen Ramsøy.

I august 2013 vart 75 menneske sende til sjukehus med røykskade etter at det tok fyr i ein semitrailer inne i den 11,4 km lange Gudvangatunnelen. Imponerande innsats frå brannvernet i Aurland og mykje flaks gjorde at alle kom seg levande ut av tunnelen.

2014

I oktober 2014 omkom ein mannleg tysk turist i 20-åra då han på fottur fall ned i eit gjel i Tufteelvi over Tufto.

Storflaum tok hus

Den 28. oktober 2014 gjekk Flåmselvi over breiddene sine og tok med seg tre bustadhus og ein driftsbygning. I alt 13 bustader vart totalt øydelagde, og 35 menneske vart huslause. I alt 160 menneske vart evakuerte. Flaumen tok og fleire hundre meter av vegen i Flåmsdalen og gjorde skade på Flåmsbana. Same dagen vart også delar av vegen mellom Langhuso og Undredal teken av flaum. Til alt hell kom ingen menneske til skade. Flaumen gjorde skade for 130 millionar kroner berre på kommunal infrastruktur.

Flaumen i Flåm.jpg?w=600

Frå flaumen i Flåm i 2014. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Fare for skred og flodbylgje

Geologar har kome til at det er stor fare for fjellskred frå fjellet Stampa mellom Flåm og Aurland. I så fall kan det føre til ei stor flodbylgje som kan øydeleggje mykje av Flåm. Aurland har brukt mykje pengar på å kartleggje rasfaren.

Det utrygge fjellområdet Stampa/Joasete sett frå Flåm. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det utrygge fjellområdet Stampa/Joasete sett frå Flåm. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sprekkene i Stampa. Foto: Aurland kommune.

Sprekkene i Stampa. Foto: Aurland kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.08.2015