Hopp til innhold
X
Innhald

Undredalsosten

Frå ein støl tidleg på 1900-talet. Osten er plassert på hyller. Ukjend fotograf, eigar Eilert Vikesland. © Fylkesarkivet.

Gardane i Undredal har satsa mykje på moderne geitedrift og er landskjend for den kvite geitosten. I 1929 vart det bygt eit større ysteri i Undredal. Dette låg administrativt under Vik Meieri. Meiersker vart utdanna ved ysteriet, og elevane budde på hyblar på meieriloftet. Dette ysteriet i Undredal produserte berre brun geitost. Den kvite osten var den gongen useljeleg som menneskemat og vart difor nytta som revemat. Ysteriet i Undredal vart lagt ned i 1941 og bygningen vart riven i 1987. Produsentlaget Undredalsosten vart skipa etter opptak frå Undredal Grendalag. Produsentlaget bygde fellesstøl på Melhus i 1982, og Øystein Borlaug konstruerte eit apparat for mekanisk røring av osten. Dette apparatet er seinare teke i bruk av dei fleste ysteria i Aurland. Tre geitostprodusentar i Undredal bygde kring 2000 eit moderne ysteri for produksjon av geitost, under namnet Undredal Stølsysteri. Osten Kvit Undredal vart kåra til årets ost 2012 på matarrangementet Det Norske Måltid.

Frå ein støl tidleg på 1900-talet. Osten er plassert på hyller. Ukjend fotograf, eigar Eilert Vikesland. © Fylkesarkivet.

Frå ein støl tidleg på 1900-talet. Osten er plassert på hyller. Ukjend fotograf, eigar Eilert Vikesland. © Fylkesarkivet.

Smør av sauemjølk

I ein kommune med mange brattlendte gardar var fjellbeita ofte meir verdfulle enn sjølve garden. Det var smøret og osten frå stølen som først og fremst skulle skaffe inntekter til garden.

Midt på 1800-talet var det gode prisar på stølskinna smør, og det var ikkje uvanleg at ein då også kinna smør av sauemjølk. Sauemjølk gav noko lysare smør enn kumjølka, men ulempa med denne smørproduksjonen var at lamma fekk for lite morsmjølk og vart mindre.

På slutten av 1800-talet la mange aurlendingar ned drifta av dei høgtliggjande fjellstølane fordi det ikkje lenger var så lett å skaffe seg billege tenestefolk. Bygdene hadde på denne tida stor utvandring til Amerika, og mange fann seg dessutan betre betalt arbeid på anlegget av Bergensbanen. Ein annan grunn var at ein på slutten av 1800-talet gjekk over frå smørproduksjon til ysting av ost, og osteproduksjon ville krevje mykje transport opp til fjellstølane med brenneved. Då var det enklare å drive osteproduksjonen heime.

Frå geitostfestivalen i Undredal i 2011. Foto: Anna Karina Marstein.

Frå geitostfestivalen i Undredal i 2011. Foto: Anna Karina Marstein.

Undredal. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Undredal. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2013