Hopp til innhold
X
Innhald

Vangen vert handelsstad

Aurlandsvangen på 1950-talet. Foto: Telemark Flyselskap.

Aurlandsvangen på 1950-talet. Foto: Telemark Flyselskap.

Knut M. Rosendahl frå ei kjend kjøpsmannslekt i Bergen, kjøpte i 1849 eigdomen etter kaptein Juul på Vangen og starta handel i «Juell-huset».

Rosendahl hadde merka seg at det vart fanga mykje sild i Aurlandsfjorden, og gjorde m.a. god forretning på å selje salt til fiskarane.

I 1853 selde han eigedomen til den 27 år gamle Hans Johannes Brun. Rosendahl var onkel til Bruns ektemake. Hans Johannes var dessutan son til «Hermansverks skapar» - kjøpmann Herman Brun. I Leikanger hadde Hans Johannes Brun drive stor handelsverksemd i eit par år, og hadde også vorte ordførar der, før han i 1853 valde å satse på Aurlandsvangen og flytta dit.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.10.2011