Hopp til innhold
X
Innhald

Varebyte med engelskmenn i Aurland?

Ein reknar med at både Onstad og Vangen frå dei eldste tider var stader der det utvikla seg eit livleg varebyte mellom hallingdøler som kom over fjella med jordbruksvarer og vilt, og sjøfarande folk som selde salt og andre naudsynte varer den andre vegen.

Frå slutten av 1600-talet finst det skrifter som fortel at engelske skip brukte å lande i Aurland. Vi må tru at det var utsikter til å kjøpe skinn, pelsverk og viltkjøt som først og fremst lokka dei så langt inn i Sognefjorden.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.01.2009