Hopp til innhold
X
Innhald

Vart oppsagt og brende gardshusa

I 1820 fekk Simon Andersen Dyrdal, som var husmann på ein gard i Dyrdal, livstidsdom for eldpåsetjing og valdsbruk.
Bonden Botolv Pedersen Dyrdal hadde sagt Simon opp frå husmannsplassen, men Simon nekta å flytte. Enden på den bitre krangelen vart at husmannen Simon ei augustnatt sette fyr på gardshusa hjå Botolv. Alt brann ned, så nær som eit stabbur. Eldpåsetjaren Simon rømde opp dalen og gøymde seg i ei høyløe, men vart funnen og stilt for retten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.06.2011