Hopp til innhold
X
Innhald

Vedhoggar fekk førevarsel

Håkon Aksnes heitte ein kar frå Undredal som vintrane dreiv mykje vedhogst på ein teig i Hoven i Nærøyfjorden.

Det tok halvannan time å ro dit, så Håkon sette seg opp ei lita overnattingsbu. Ei natt vakna han av at det banka i veggen. Han såg ut, men såg ingen. Vel tilbake i senga starta bankinga på nytt. Dette måtte vere eit varsel, trudde Håkon, og reiste derfrå. Morgonen etter på veg innover mot Hoven fann han restane av veden og hytta som låg og flaut i fjorden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2009