Hopp til innhold
X
Innhald

Vegar i Aurland

Etter at Lærdalstunnelen vart opna har trafikken gjennom Aurland kommune auka kraftig. Mellom anna er det svært mange vogntog som passerer, her mellom Flåm og Aurland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Etter at Lærdalstunnelen vart opna har trafikken gjennom Aurland kommune auka kraftig. Mellom anna er det svært mange vogntog som passerer, her mellom Flåm og Aurland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gamle driftevegar i Aurland

Frå 1700-talet og fram til 1. verdskrig var fehandel ei stor næringsgrein for folk i Aurland og Flåm.

Postveg og skyssplikter

Då poststellet i Noreg vart organisert i 1647, gjekk posten mellom Oslo og Bergen over Voss og Gudvangen.

Hesteskyss i Stalheimskleiva på postkort frå før 1900.

Hesteskyss i Stalheimskleiva på postkort frå før 1900.

Stalheimskleiva

Alt i 1793 vart det veg for hest og kjerre mellom Voss og Gudvangen, m.a. med hårnålsvingar ned den bratte Stalheimskleiva. Les meir i artikkelen Postveg og skyssplikter.

Vegen Bakka – Gudvangen

vart bygd i 1856 og avløyste då den gamle stien som postførarane hadde nytta langs fjorden.

Brua over Aurlandselvi med Vangen kyrkje på 1870-talet.

Brua over Aurlandselvi med Vangen kyrkje på 1870-talet.

Bru over Aurlandselvi

Den første brua over Aurlandselvi mellom Onstad på sørsida og Vangen på nordsida vart bygd i 1870. Det vart bygd ny bru i 1926.

På dette biletet som er teke på fjelltur over Holo ser vi vegen og jernbanelinja nede i Flåmsdalen. Foto: Steinar Lote, NRK.

På dette biletet som er teke på fjelltur over Holo ser vi vegen og jernbanelinja nede i Flåmsdalen. Foto: Steinar Lote, NRK.

Veg gjennom Flåmsdalen

vart bygd som anleggsveg til Bergensbane-anlegget og stod ferdig 1898. Anleggsarbeidet på fjellet baud på store transportoppdrag for hesteeigarar i både Flåm og bygdene ikring.

Frå vegen til Vassbygdi. Vegen er svært rasfarleg. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Frå vegen til Vassbygdi. Vegen er svært rasfarleg. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ny veg til Vassbygdi

vart opna i 1923 på nordsida av Vassbygdvatnet. Fram til då hadde ein greidd seg med ein smal kjerreveg som var bygd på 1840-talet.

Dagens E16 mellom Aurland og Flåm. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Dagens E16 mellom Aurland og Flåm. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Veg Flåm-Aurland

vart bygd i 1920, med ny bru over Aurlandselvi frå Onstad til Vangen i 1926.

Dyrdal-Drægo

Dyrdal-Drægo

I 1960 vart det bygt køyreveg frå Dyrdal på vestsida av Nærøyfjorden og opp dalen til garden Drægo.

Frå  fjellvegen Aurland-Lærdal. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Frå fjellvegen Aurland-Lærdal. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fjellvegen Lærdal-Aurland

vart opna i 1967. Mykje av finansieringa vart skaffa med bompengar. Vegen har fått status som nasjonal turistveg, og på utsiktsplattforma ved Stegastein får ein eit svimlande utsyn mot Aurlandsfjorden og Vangen. I 2010 vart det og opna ein utsiktsplass på Vedahaugane (Stegastein) og ein rasteplass på Flotane.

Utsiktsplassen på Stegastein. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Utsiktsplassen på Stegastein. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Seint ute med gardsveg

Ein av dei siste gardane i Sogn som fekk veg til gards, var høgdegarden Holo i Flåmsdalen.

Veg til Undredal

Undredal fekk vegsamband med omverda i 1988.

Stamvegen Bergen-Oslo gjennom Aurland

«Filefjells-alternativet» Lærdal-Valdres vann, og vart eit ferjefritt heilårssamband Bergen-Oslo med opninga av Lærdalstunnelen i 2000.

E16 Lærdal-Aurland

- sjå Stamvegen Bergen-Oslo gjennom Aurland og Lærdalstunnelen - verdas lengste.

Riksveg 50 Aurland-Hol

- sjå Stamvegen Bergen-Oslo gjennom Aurland.

Lærdalstunnelen - verdas lengste

Verdas hittil lengste vegtunnel - Lærdalstunnelen (24.510 meter) - vart opna i november 2000 av H.M. Kong Harald V.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.06.2012