Hopp til innhold
X
Innhald

Vegen Bakka – Gudvangen

Bakka fekk veg til Gudvangen alt i 1856. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Bakka fekk veg til Gudvangen alt i 1856. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Vegen Bakka-Gudvangen vart bygd i 1856 og avløyste då den gamle stien som postførarane hadde nytta langs fjorden. Vegen vart sidan utbetra fleire gonger, men har støtt vorte sperra av snøras, ofte i fleire veker om gongen. Dei verste heiter Hestnesa, Høyskreda og Storskreda. I 2002 vart det bygd ein 1800 meter lang tunnel framom dei verste skredlaupa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.05.2011