Hopp til innhold
X
Innhald

Veiding og jakt i Aurland

Reinsjakta er eitt av dei store høgdepunkta for mange i Aurland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Reinsjakta er eitt av dei store høgdepunkta for mange i Aurland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Få stader er reinsjakta om hausten så populær som i Aurland. Då dreg ”halve bygda” til fjells for å jakte rein frå Nordfjella-stammen. I høgfjellet kring Aurland finst det rike merke etter veiding og jakt frå gamal tid: Bogestille, dyregraver og leiegjerde av stein som tvinga reinflokkane utfor stupa.

Her hadde jegerane før skytevåpena si tid eit bogestille. Foto: Kåre Sønnerheim.

Her hadde jegerane før skytevåpena si tid eit bogestille. Foto: Kåre Sønnerheim.

Bogestille

På den 1400 meter høge Handadalseggi ved Dyrdal på vestsida av Nærøyfjorden er det framleis tydelege merke etter eit leiegjerde og bogestille der jegerane kunne sitje løynde til dyra var trengde i hop og nær nok til å nåast med piler og spyd. Også på Langafjellet litt lengre nord mot Fresvikbreen er det merke etter leiegjerde og bogestille like ved dyrastupa.

Fangst med dyregraver vart forbode i 1840.

Store gardar med mektige ætter (Aurlandsætta, Soop-ætta og Losna-ætta) sanka store rikdomar frå reinsjakta i Aurlandsfjella. Også i vår tid går aurlendingane mann av huse på reinsjakt.

Sette ut rein

Alt i 1840 vart det skipa tamreinlag i Flåm. I 1845 veit ein at laget hadde minst 119 dyr. Laget hadde samar som gjetarar, og slakteplassen låg i Øyane. Raudafjell reinsdyrlag vart skipa i 1934 av grunneigarar mellom Næryfjorden og Aurlandsfjorden saman med bønder frå Vossastrand. Tamreinen vart kjøpt inn frå Valdres og sleppt ut i Jondalen. Det vart seinare drive jakt på stammen fram til 1967, då stammen vart for liten til jakt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.06.2011