Hopp til innhold
X
Innhald

Vektar skulle jage tiggarar

Brua på Borlaug. Her kom folk frå Hemsedal og Hallingdal ned til Lærdalsdalen, og her var det meininga at ein vektar skulle stå og jage tiggarane heimatt. Foto: Skøie.

Brua på Borlaug. Her kom folk frå Hemsedal og Hallingdal ned til Lærdalsdalen, og her var det meininga at ein vektar skulle stå og jage tiggarane heimatt. Foto: Skøie.

Sterk folkeauke og uår gjorde at det var mykje svolt og fattigdom i dei øvste dalbygdene på austsida av fjella, i Valdres og Hallingdal, på slutten av 1700- og i byrjinga av 1800-talet.

Berre i Ål prestegjeld i Hallingdal vart det i 1780 registrert 39 gamle og 79 born som måtte setjast på legd – d.v.s. vart bortsett på gardar der dei kunne få mat og husrom. I tillegg til desse fekk 44 menneske i prestegjeldet hjelp frå fattigkassa. I 1814 var det ikkje stort betre, med 51 gamle og 69 born på legd og 64 på fattigkassa.

Fattigfolk i fjellbygdene austpå la ofte ut på tiggarferd vest om fjella. I 1839 tok kommunestyret i Lærdal difor kontakt med andre sognekommunar for å få tilskot til ein vektar som skulle plasserast i Borgund. Der skulle vektaren ha som oppgåve å stoppe tiggarfolket og jage dei aust om fjella att.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.05.2011