Hopp til innhold
X
Innhald

Wangen Hotell

Wangen Hotell ca. 1960. Foto: Normann.

Wangen Hotell ca. 1960. Foto: Normann.

Wangen Hotell vart starta i 1868 av Hans Johannes Brun i det såkalla ”Juell-huset”.
Hotellet vart i 1897 kjøpt av Ellend Olsen Wangen (1857-1937), og vart drive av hans slekt under namnet Wangen Hotell fram til slutten av 1960-talet.

Drifta låg nede nokre år fram til Paul Ohnstad opna det att som Vangen Motell i 1972. Også det gamle ”Aabelheim” vart ein del av motellet.

Ohnstad bygde også utleigehytter ved fjorden. I 1992 overtok dottera Astrid Ohnstad drifta, og ho reiv dei fem gamle hyttene og bygde seks nye rorbuer i 2004. Verksemda heitte i 2004 Vangen Motell og Rorbuer. Seinare er namnet endra til Vangsgaarden Gjestgiveri og Rorbuer, eigarar er Astrid Ohnstad og Arvid Stigen.

Verksemda kan i 2011 tilby reisande 19 rom i tillegg til dei seks rorbuene.

Vangsgaarden Gjestgiveri og Rorbuer. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Vangsgaarden Gjestgiveri og Rorbuer. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.06.2011