Hopp til innhold
X
Innhald

Aase Kvikne Bjordal

Aase Kvikne Bjordal (1921-2009) frå Balestrand. Biletkunstnar. Utdanna på Statens Handverks- og Kunstindustriskole, Vestlandske Kunstakademi og Bergen Kunsthåndverkskole.

Ho har m.a. delteke på Haustutstillinga, Vestlandsutstillinga og Distriktsutstillinga fleire gonger, og på kollektivutstillingar i utlandet.

Aase Kvikne Bjordal er m.a. kjøpt inn av Norsk Kulturråd, kunstgalleri i Bergen, Molde og Haugesund, og kunstgalleri i Oregon, USA, og Bristol, England. I Sogn og Fjordane er ho m.a. representert med arbeid på Sentralsjukehuset i Førde og på Sogn Billedgalleri.

Dotter til Sigurd Kvikne sr.

Eitt av kunstverka til Aase Kvikne Bjordal, Balholmsidyll.

Eitt av kunstverka til Aase Kvikne Bjordal, Balholmsidyll.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011