Hopp til innhold
X
Innhald

Alfred Heaton Cooper

Foto frå boka Alfred Heaton <br>Cooper - Painter of landscape.

Foto frå boka Alfred Heaton
Cooper - Painter of landscape.

Alfred Heaton Cooper (1863-1929) frå Svinton i England. Kunstmålar, bokillustratør og forfattar. Utdanna ved Westminster School of Art. Kom til Balestrand første gong i 1891, og har måla ei mengd oljemåleri og akvarellar frå Sogne-naturen.

Stilte m.a. ut i Royal Academy i London og Salonen i Paris. Gav i alt ut 12 bøker med eigne illustrasjonar. Han var oppglødd for den norske byggjemåten med lafta tømmer, og fekk bygd eit stort laftahus i England som han brukte som galleri og atelier.

I Balestrand sentrum bygde han det som seinare er kalla Cooper-huset, og som m.a. har husa Norsk Reiselivsmuseum.

Frå Fjærland av Alfred Heaton Cooper.

Frå Fjærland av Alfred Heaton Cooper.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011