Hopp til innhold
X
Innhald

Alvhild Fykse Tveit

Alvhild Fykse Tveit (1918-1989) frå Kvam i Hardanger, busett i Balestrand. Lærar og Kristeleg Folkeparti-politikar. Utdanning frå Statens kvinnelege Industriskule og Lærarhøgskulen i Trondheim. Var m.a. styrar ved Havøysund folke- og framhaldsskule før ho i 1965 vart adjunkt ved Askelund folkehøgskule i Balestrand. Har m.a. hatt tillitsverv i fråhaldslag og misjonslag, og vore leiar i fylkespartiet sitt kvinnelag.

Medlem av kommunestyret og leiar i kulturstyret. Fylkestingsrepresentant 1976-1983 og i fylkesutvalet 1980-1983. Styremedlem i Sogn og Fjordane Teater, medlem i Norsk Språkråd 1980-1983, varamedlem i styret for Riksteatret 1980, varamedlem i styret i Norsk Kulturråd 1981-1984. Vararepresentant til Stortinget 1969-1981.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 30.10.2007