Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Larsson Ese

Anders Larsson Ese (1832-1916) frå Indre Ese. Underoffiser, bonde og politikar.

Vart kompanitambur (trommeslagar) 16 år gamal, gjekk underoffiserskulen og tenestegjorde i Hæren 1853-1869. Bonde på Gjerde i Balestrand frå 1856, og kasserar i Balestrand Sparebank 1870-1905.

Var medlem av kommunestyret i lang tid, og ordførar 1884-1885 og 1888-1895. Vararepresentant på Stortinget for Moderate Venstre 1886-1897.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.10.2007