Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Skåsheim

Anders Skåsheim (1880-1965) frå Balestrand, busett i Bergen. Bankmann og lokalhistorikar.

Anders Skåsheim (1880-1965) frå Balestrand, busett i Bergen. Bankmann og lokalhistorikar.

Soussjef i Vestlandsbanken.

Skaasheim gjorde eit stort samlararbeid med lokalhistorisk tilfang m.a. til bygdeboka, var medskipar av Balestrand Sogelag i 1951 og var ei av drivkreftene bak Sogn Folkemuseum.

Arbeidde mykje for å styrke venskapsbanda med Island. Han testamenterte «Kvilestaden Grjotvin» - eit strandområde på Sande - til Balestrand kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011