Hopp til innhold
X
Innhald

Balestrand Fruktlager

Balestrand Fruktlager. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Balestrand Fruktlager. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fruktlageret i Balestrand var bygd i 1957 av det nyskipa Balestrand Fruktpakkelag. I 1960 vart bygget utvida og fekk auka kjølekapasitet.

Dei siste åra har fruktlageret samarbeidd med Leikanger Fruktlager. I 1998 starta Balestrand Fruktlager eige safteri som har marknadsført produkta under namnet «Gulleple».

I 2002 er safteriet skipa under eige firmanamn - Balholm Safteri. I 2006 vart Åge Eitungjerde, Eli-Grete Høyvik og Rune Haug eigarar av safteriet som då fekk namnet Balholm AS.

Balholm AS samarbeider med Lerum-gruppa i Sogndal om sal og distribusjon.

Seinare bygde Eitungjerde og Høyvik Ciderhuset i Myri og starta med servering. Dei produserer også cider som blir seld på utsala til Vinmonopolet. I 2015 fekk dei og løyve til å selje cider direkte frå Ciderhuset.

Åge Eitungjerde med to av produkta til Balholm AS. Foto: Kristine Askvik, NRK.

Åge Eitungjerde med to av produkta til Balholm AS. Foto: Kristine Askvik, NRK.

Balholm prøver seg og med eplebrennevin. Her er landbruksminister Lars Peder Brekk på besøk og får smake produktet av Eli-Grete Høyvik og Åge Eitungjerde. Foto: Robert Jan Leerink.

Balholm prøver seg og med eplebrennevin. Her er landbruksminister Lars Peder Brekk på besøk og får smake produktet av Eli-Grete Høyvik og Åge Eitungjerde. Foto: Robert Jan Leerink.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2015