Hopp til innhold
X
Innhald

Balestrand Meieri

Balestrand Meieri vart starta i 1898, m.a. etter opptak frå Kviknes Hotell. Då Bratlands Meieri (sjå «Meieria i Balestrand») vart lagt ned, kom også leverandørane derfrå over til Balestrand Meieri.

I 1951 vart meieridrifta lagt ned og mjølka levert til Vik Meieri. I Balestrand var det berre mjølkeutsal dei siste åra til drifta vart avvikla i 1961. Då vart bygget kjøpt av Trygve Tenningås som hadde drive mjølkeutsal og daglegvarehandel sidan 1956. Her hadde dei også ein liten «mjølkebar», og dreiv butikken til 1985, då Systrond Gartneri overtok lokala for blomsterutsal. Dette vart i 1988 flytta til Handelshuset Holmatunet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.06.2008