Hopp til innhold
X
Innhald

Balestrand-Nessane-Lånefjorden

Fylkesveg 55 mellom Nessane og Lånefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fylkesveg 55 mellom Nessane og Lånefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Balestrand fekk vegsamband heilt vestover til Lånefjorden i 1971.

Denne vegstrekninga som seinare gjekk inn i riksveg 55, vart bygd i fleire etappar over ein 70-årsperiode: Første vegen Balestrand-Kvamsøy vart forskottert tidleg på 1900-talet av oppsitjarar. Vegen Kvamsøy-Nessane var som anleggsveg framkomeleg frå ca. 1968.

Betre veg Førde-Oslo

I samband med at Staten peika ut Førde som såkalla vekstsenter i 1965, vart arbeidet med å skaffe dette senteret betre vegsamband med Austlandet forsert. Kravet til betre veg mot Austlandet vart m.a. sett fram av Akergruppen, som lenge gjekk med planar om å byggje ut større industri i Førde.

Arbeidet vart forsert

Slik vart bygginga av vegen frå Nessane og vestover til ferjekaia på Kongsnes i Lånefjorden forsert, og derifrå fekk ein samband med riksvegane lengre vest med ferja Kongsnes-Nordeide.

På strekninga Balestrand-Lånefjorden ligg fylgjande tunnelar: Kreklingen 337 meter, Tussvik 520 meter, Kongsnes 245 meter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.07.2011