Hopp til innhold
X
Innhald

Balestrand Samvirkelag

Coop-butikken i Balestrand. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop-butikken i Balestrand. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Balestrand Samvirkelag vart starta i 1946 og leigde seg først lokale hos Trygve Ulvestad.
Laget dreiv også ei tid systove i dei tidlegare forretningslokala til Johannes Ese (sjå Landhandlar i Balestrand). Seinare vart lokalet brukt til manufakturutsal.

I 1958 bygde samvirkelaget eige forretningsbygg. Dette vart selt i 1990 då det vart bygd nytt forretningsbygg i Holmen der m.a. Arne Bales bakeri tidlegare låg.

I 1965 vart laget slege saman med Sogn Samvirkelag, frå 2000 vart samvirkelaget ei avdeling av Coop Indre Vestland, administrert frå Årdal, seinare gjekk dette inn i Coop Sogn og Fjordane , administrert frå Førde. Etter fleire utvidingar fekk dette namnet Coop Vest BA.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.07.2011