Hopp til innhold
X
Innhald

Balestrand to-årige framhalds- og millomskule

Bøyum Pensjonat, der det var millomskule frå 1931 til 1952. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bøyum Pensjonat, der det var millomskule frå 1931 til 1952. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Balestrand to-årige framhalds- og millomskule vart skipa i 1925, med Oddmund Bøyum (1893-1948) (sjå Kjende personar i Balestrand fødde 1850-1900) frå Fjærland som styrar. Det hadde vore drive framhaldsskule i kommunen sidan hundreårsskiftet.

Dei første åra heldt skulen til i barneskulen Sagatun, men flytta i 1931 inn i det tidlegare Kvammen Hotel som skulestyrar Bøyum kjøpte til føremålet. I 1946 vart ein klasse i realskulen omgjort til Balestrand Statsrealskule, samstundes som det var to klassar i den kommunale real- og framhaldsskulen.

Elevar ved millomskulen i 1927. Fremst sit Jan Døsvik og Peter A. Thue. Bak dei frå v. Borghild Nilsen Ese, Kari Holum, skulestyraren Oddmund Bøyum, Anna Torsnes og Karin Wiig. Tredje rekkje frå v. Jon Teigen, Harald Høyvik, Malena Sande, Eivind Sjøtun, Richard Knoff. Bakerst frå v.  Dagfinn Bremer Øvrebø, Nils Grinde, Leif Berge, Gustav Wiig, Mikkel O. Bøyum. © Fylkesarkivet.

Kommunen kjøpte tomt for å byggje, men statsrealskulen heldt til i det tidlegare pensjonatet fram til 1952, då skulehuset i Kreklingen stod ferdig. Seinare kom det påbygg i 1959, og det vart bygd internathus der dei mange tilreisande elevane budde. Skulen vart lagd ned i 1975. I 1975-1979 dreiv fylket tre to-årige kombinerte grunnkurs med faga handel og heimkunnskap (husstell).

Lærarane ved realskulen i 1954. Frå v. Eirik Holen, Odd Kvigne, Hjalmar Årskog, Halfdan Halse og Olav Kalstad. © Fylkesarkivet.

Lærarane ved realskulen i 1954. Frå v. Eirik Holen, Odd Kvigne, Hjalmar Årskog, Halfdan Halse og Olav Kalstad. © Fylkesarkivet.

Skulebygningen på Kreklingen som realskulen tok i bruk i 1952 er seinare blitt ein del av Sygna vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skulebygningen på Kreklingen som realskulen tok i bruk i 1952 er seinare blitt ein del av Sygna vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 28.07.2011